Rokkespolar tilpassa til din rokk
Eg lagar nye spolar til gamle rokkar, ved å kopiere ein eksisterande spole eller aller best ved å tilpasse spolane til rokkevingen din.
Du har kanskje ein gammal rokk, enten eit arvestykke eller eit loppisfunn, men ikkje mange nok spolar? Eg dreier spolar tilpassa akkurat din rokk, slik at du kan få meir glede ut av han. Du sender meg helst vinge, spole og trinse, og så lager eg så mange nye spoler som du ønsker. På sikt kjem eg til å forenkle prosessen med eit skjema med nødvendige mål, men inntil vidare blir resultatet heilt klart best når eg har vingen og kan bekrefte at spolane går som dei skal før eg sender dei til deg.
Dersom spolen du vil ha kopiert ikkje er intakt gjer eg ei vurdering på om han kan reparerast, dersom du ønsker det. Eg kan og lage spolar som passar, dersom du berre har vingen og trinsa.
Eg kjem til å utvide tilbudet for reparasjon/nye delar til rokk etterkvart som eg har tid og anledning.
Ta kontakt i skjemaet under, så avtaler vi det vi treng for å få laga nye spolar til deg.
| Attributter | Verdi |
|---|---|
| Vekt | 0,1 kg |
| Dimensjoner | 13 × 8 × 8 cm |
Frequently bought together
-
Håndtein
kr 399,00 -
Rokkeverktøy – Hentekrok
kr 99,00




